Din lokale byggmester i Sogndal og omegn

Ta kontakt for ei gratis og uforpliktande synfaring!

Ta kontakt

På jakt etter ein påliteleg byggmeister?

Skjeldestad Bygg AS er ein erfaren byggmeister med stoltheit for faget. Me utfører alt frå små oppdrag til mellomstore prosjekt – frå nybygg og rehabilitering til montering, bad og uteområde. Me legg vekt på kvalitet, tryggleik og god kommunikasjon.

Me står klare til å hjelpe deg med små og mellomstore prosjekt – alltid med fagleg stoltheit og god oppfølging.
Vi er eit mindre firma, og det betyr at du som kunde får tett og personleg oppfølging frå start til slutt.
Me brukar berre fagfolk med dokumentert kompetanse, og me følgjer alle gjeldande forskrifter og byggestandardar.

Våre tenester

Nybygg og tilbygg

Me bygger nye bustader frå grunnen av – alt frå små hytter til einebustader og garasjar. Prosessen blir tilpassa dine ønskjer og budsjett, og me er med deg frå planlegging til ferdigstilling. Som byggmeister sikrar me at arbeidet er i tråd med alle krav og standardar.

Tak

Eit nytt tak gjev huset nytt liv og sikrar det mot vær og vind i mange år framover. Me leverer solide løysingar tilpassa ditt hus og dine behov, med fokus på faghandverk og varig kvalitet. Når du vel oss til å skifte tak, får du eit resultat du kan stole på – frå første spikar til ferdig tak.

Rehabilitering

Me tek på oss oppgradering av eldre bygg, både innvendig og utvendig. Rehabilitering krev fagkunnskap og omtanke – og me leverer løysingar som både tek vare på uttrykket og fornyar funksjonen. Perfekt for deg som vil bevare, men modernisere.

Bad og kjøkken

Full oppussing av bad og kjøkken med fokus på funksjon og kvalitet. Me samordnar med andre faggrupper og sørgjer for at alt er trygt og forskriftsmessig utført. Resultatet blir praktiske rom du vil trivast i – kvar dag.

Terrasse og uteområde

Utvid bustaden med eit godt uterom! Me bygger solide og funksjonelle terrassar, verandaer, pergola og leveggar tilpassa både bustaden og terrenget. Me gir deg eit utemiljø du kan nyte heile året. 

Dører og vindauge

Treng du å skifte ut gamle vindauge, ytterdører eller setje inn nye glasfelt? Me monterer alt frå tradisjonelle dører til moderne skyvedører og energivindauge. 

Nokre av våre tidlegare prosjekt

Oppsetting av

ny hytte på

Filefjell 

Her har mi utført alt tømrararbeid frå start til slutt. 

Nytt tak 

 

Totalrehablitering av tak 
 

Rehablitering av gammalt stovehus

Tekst

Kontakt oss

Me tilbyr gratis og uforpliktande synfaring i Sogndal og nærområda. Send oss ei melding eller ring direkte, så finn me ei løysing saman.

Skjeldestad bygg AS

Dagleg leiar / byggmeister Joakim Skjeldestad
Åbergevegen 17, 6856 Sogndal
Org.nr: 123 456 789

hCaptcha